Vigra til stor hjelp for heile distriktet

28056589 1443050849139754 7430985412024317765 n

nmvigralogo

 

 

 

 

 

Vigra IL Bogeskyttarklubb har på fire år markert seg som ein framoverlent klubb med høgt aktivitetsnivå. Det smittar over på dei andre klubbane i regionen. –Vigra er ein klubb som skaper mykje aktivitet i distriktet. Dei har vore veldig positive for bogeskyttarmiljøet i vårt område, seier Ole Høybakk frå Hundeidvik bueskyttergruppe. –Vi arrangerte eit stemne i januar, og fekk hjelp frå Vigra. Utan dei hadde vi ikkje klart å gjennomføre arrangementet, legg Høybakk til.

jonarne

I 2014 starta tre fedre og tre søner opp det vi i dag kjenner som Vigra IL Bueskyttere. Aktiviteten hadde tidlegare ikkje vore organisert på denne måten, men på knappe fire år har klubben blitt ein av dei leiande i regionen.
– For meg verkar Vigra som ein klubb med mange ressursar. Det er mange som er med, og dugnadsanden ser ut til å vere stor. Eg ser det er veldig mange som er med og bidreg, seier Jon Arne Storelv. 

Førre helg arrangerte Vigra sitt største stemne nokon gong, med over 70 deltakarar frå mange stadar i Noreg. Jon Arne Storelv representerte Norges Bueskytterforbund, og hadde ansvar for resultatsystemet. – Det er eit system som er trådlaust. Tidlegare har vi hatt kablar, men no har vi 20 mobilar her, som får resultata inn på ein trådlaus måte. – Dette blir generalprøva på systemet, som vi også har tenkt å bruke under NM her i Vigrahallen, fortel Storelv. 

NM blir arrangert 16.–18. mars i Vigrahallen. Det blir det tredje største noregsmeisterskapen nokonsinne, med 384 deltakarar.

gjengenvigraEit synleg bevis på at Vigra har blitt lagt merke til i Noregs bogeskyttarmiljø var då klubben vart stemt fram på ”tinget” til forbundet for å arrangere NM. – Det stod mellom oss og Sandefjord. Vi fekk 69 stemmer, medan Sandefjord fekk 24. Det er kjekt at så mange ynskte at vi skulle arrangere NM, seier Olger Arne Synnes – ei av eldsjelene i klubben. I dag har Vigra 65 medlemmer, og klubbens største stjerne er hardsatsande Sander Roth. Bak han kjem det mange flinke uttøvarar. – Det er klart at når vi har ein som Sander i klubben, så drar dette med seg dei andre i klubben. Vi har fleire som er der Sander var for fire år sidan, og vel så det. Det er artig å ha ein slik som Sander i klubben, fortel Synnes.  Men fyrst og fremst kan Vigra skilte med fornøgde medlemar, som trivst med sporten uansett ambisjonsnivå. – Det er rett og slett eit veldig godt miljø her. Det var derfor eg ynskte å bli med i denne klubben, seier 16-åringen, Fredrik Eiken. Saman med Isak Husvåg Synnes og August Brian Hagen Fagerheim håpte dei på å bite godt frå seg under stemnet, men var klar over at konkurransen er stor. – Om det blir topp ti, så er det bra, seier Isak.

Bogeskyttarane skyt i forskjellige klasser, men grunnprinsippet er det same. Målet er å treffe nærmast senter av målskiva, til ein kvar tid. Dei beste treff omtrent alltid senter. 

vigra

Det er dei få ”bomskota”, som skil dei beste frå dei nest beste. Tobias Bjørge (11) og Jacob Aakre-Sørvik (9) tykkjer bogeskyting er ein artig aktivitet.– Dette er mitt fjerde stemne. Eg likar som oftast veldig godt å vere med, og det sjølvsagt spesielt artig når du skyt godt, seier Bjørge.
– Ja, ein blir veldig glad når du treffer blink, seier Aakre-Sørvik.
– Det som er utfordrande i denne sporten er å stå på riktig måte, og klare å konsentrere seg, legg Sørvik til.

 

 

tormodroth

Tormod Roth er leiar i klubben, og er far til Sander Roth. Med stødig hand styrer han klubben, og er ein viktig grunn til at engasjementet i klubben, og rundt klubben er stor. – Dette er nærmast likt den NM-standarden vi kjem til å ha. Men her skal vi ha på plass tribune, og der borte blir det tre rom for mellom anna sekretariatet, fortel Roth til Øy-Blikk som tek oss med på ein rundtur i hallen.
På snaue fire år har klubben investert i utstyr for fleire hundre tusen kroner. Noko har kome gjennom grasrotmidlar, men det meste har kome gjennom trufaste sponsorar og støttespelarar. – Ja, vi har fått kjemperespons frå næringslivet både her i kommunen, og dei på andre sida av fjorden. Dei har vore kjempeflinke til å sponse oss. Sparebanken Møre har ikkje minst vore veldig sterkt med på bidragssida, seier Roth.
Førre helgs arrangement fungerte på mange måtar som ei generalprøve for NM. – Det gjekk eigentleg som forventa. Alt fungerte slik det skulle, også det nye trådlause resultatsystemet. Jon Arne Storelv som hadde hovudansvaret for dette var godt nøgd med gjennomføringa og ikkje minst lokalet vi arrangerer i, seier Roth.
– Vi har ein god plan for NM, og eg trur vi fint skal klare å ta imot dei mange skyttarane vi får besøk av då, avsluttar Roth.

 

 

 

Foto/tekst: Øyvind Snorre Magelsen Godø - Øy-blikk